«Ransak meg, Gud...»

Fra Lov&Evangelium.
Nr. 7 - 2012.
Av Ragnar Opstad.

«Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen!» Sal 139:23-24.

I Guds lys
Kvifor bad David slik? Sikkert fordi han var redd for å bedra seg sjølv. Men også fordi han ikkje var i stand til å kunna ransaka seg sjølv. I denne bøna ber vi han, som kjenner hjarto, om å prøva oss – og sjå om vi skulle vera på veg mot fortapinga, og i så fall leia oss inn på himmelvegen.

Det er blitt sagt at kan du bretta ut hjarta ditt for Herren og be han ransaka kvar einaste krok av det, då er du i gode hender.

Korleis utfører Herren denne ransakinga? Han gjer det ved, og gjennom, sitt Ord og sin Ande når vi les det, eller kanskje aller mest når det tvieggja sverdet er i bruk gjennom forkynninga av Guds ord. Det fører oss inn i Guds lys med livet vårt. Men det er lite av den slags forkynning i dag som maktar å føra oss dit.

Gi Gud rett!
Vi vil gjerne stå i eit rett forhold til Gud, men i dette lyset kjem vi til kort med alt vårt, vi blir dømde. Her står vi i fare for ikkje å bøya oss for det som dømer og anklagar oss. Det kan føra til at vi skuvar frå oss det som Herren vil tala med oss om, og leitar fram trøysteord for å berga oss sjølv og vår eigarettferd. Då er det samstundes fort gjort å skulda bodberaren for lovisk forkynning.

Loven vil ta vårt liv. Her står vi i fare, som kong Saul, å vilja berga det som Herren vil slå i hel (1Sam 15:9). «For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det» (Luk 9:24).

Får Herren fullføra denne prøva, blir vi ståande på «bar bakke». Det er vår rette plass! Så er det ikkje meir å finna i vår eigen barm! Då verken talar eller tenkjer vi lenger stort om eigne åndelege opplevingar eller kvalifikasjonar. Då er ein glad og takksam om ein i det heile får vera eit Guds barn av berre nåde.

Sjølvransaking
I andre brevet til korintarane (13:5) står det slik: «Ransak dykk sjølve om de er i trua! Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje dykk sjølve, at Kristus Jesus er i dykk?» Kjem dette bibelverset i konflikt med ordet om at Herren må ransaka oss? Guds ord kjem aldri i konflikt med seg sjølv. I så fall er det vi som kjem i konflikt med Guds ord. Her seier altså Ordet at vi skal ransaka oss sjølv om vi er i trua. Skal vi vera i trua, må Herren få oss til å ofra vår kjære «Isak», det vil seia alt som talar til vår fordel, og som vi trur vi treng for å kalla oss kristne; vår omvending, vår tru, bøn, bibellesing, åndelege erfaringar, vår innsikt i Guds ord osv, det som apostelen Paulus nettopp kallar: «Det som var meg ei vinning...»

Det som vi ofte trur er inngangsbilletten til himmelen, må Herren ta frå oss! Jesus åleine er inngangsbilletten. Den billetten er for slike som ingen ting har å bidra med i si frelsesak – anna enn synd og skam.

Då Abraham i sitt hjarta hadde ofra Isak og tok kniven for å gjera det av med han, ropa Herrens engel til han frå himmelen. Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein vêr...

Kristus – vårt einaste håp
Å vera i trua, er å setja heile vårt håp til han som tok på seg å ordna vår sak med Gud. Det var det Abraham (og Isak) fekk erfara på Moria berg. Vi treng vel ikkje vera i tvil om at Abraham fekk sjå inn i evangeliet om den komande frelsar og stedfortreder, større og rikare enn nokon gong før.

«Prøv dykk sjølve!» Er det her du har di frelsevissa? «Eller kjenner de ikkje dykk sjølve, at Kristus Jesus er i dykk?»

Om dette synest eg at tidlegare bibelskulelærar, Øivind Andersen, seier det så fint og godt: «Vi må gi akt på hva Guds ord sier om dem som tror på Jesus. I Ordet forsikrer Gud oss om at Jesus bor ved troen i våre hjerter. Da kan jeg vite at når jeg setter min lit til Jesus – og til ham alene – da bor han i meg! Da holder jeg den prøve som Bibelen taler om her (2 Kor 13:5). Det er altså ikke en formaning til å se på oss selv, men til å se på Guds ord og løfte, og ransake oss selv så vi ikke setter vår lit til noe annet eller noen annen enn vår egen frelser!»